LinnBad_Panorama_1_Utsnitt_WebJPEG.jpg

Linn Bad - frå Vik i Sogn

I over 40 år har me designa og produsert baderomsmøblar i Vik i Sogn.

For oss handlar dette om handverkstradisjonar og kvar me kjem frå. Me har har kvalitet, funksjonalitet og design i vårt "DNA". Men me er også opptekne av å skrive nynorsk. Me vil vere ekte, også når det gjeld språket vårt.

Linn Bad - kortreist, norsk kvalitet i over 40 år.

 
LinnBad_Panorama_1_WebJPEG.jpg

Største produsent

Linn Bad er i dag den største produsenten av baderomsmøblar i Norge.

Me trur det er fordi våre møblar passar for den norske heimen og fordi me er opptekne av å lytte til deg som kunde. På kva du likar og kva du synest er praktisk i kvardagen.  Ut i frå slike tilbakemeldingar utviklar me møblar for deg og din familie.

 
IMG_3203[1].jpg

Våre forhandlarar

Våre baderoms- og vaskeromsmøblar kjøper du gjennom ein av våre dyktige forhandlarar.

Dei kan gje deg råd og vink til oppussing av ditt baderom.

Og vil du ha litt inspirasjon og bli meir kjent med våre produkt - gå til Design ditt bad