Servantar

Våre porselenservantar

Porselen er eit vakkert og levande materiale, og kvar servant hjå oss blir “handlaga”. Sidan porselen er eit meir levande materiale enn til dømes Evermite, er det større variasjon i måla. Porselen må alltid påreknast overmål - til dømes om du skal ha eit høgskap ståande inntil underskapet må du velje Evermiteservant. Ein porselenservant kan ein heller ikkje få heilt snorrett og bein, det vil alltid vere litt variasjon i overflate og kantar. Det er det som gjer porselen så levande, og med sjarm.

Vår toleranse på porselensvaskar er:

·         Til og med -0/+3 mm på kurving/gap til møbelet

·         Til og med 15 mm på lengd

·         Til og med 10 mm på djupne

Evermiteservantar

EVERMITE-servant er ein kunstmarmorservant. EVERMITE er støypt i former som sikrar minimalt med variasjon i måla. Vi garanterer 0 / +3 mm i variasjon i lengdemål. EVERMITE er basert på modifisert polymerbase. Dette gjer servanten overlegen med omsyn til ripesikkerheit, flekkinntrenging og glans.