LINN BAD

– Livet ut.

Julestengt hos Linn Bad 🎄

Linn Bad held stengt frå 22. desember til og med 1. januar. Vi er tilbake som normalt 2. januar.

I denne perioden vil vi ikkje kunne svare på telefon eller e-post. Vi ønskjer alle kundar og samarbeidspartnarar ei riktig god jul og eit godt nytt år!

INGRID blå

ein dristig nyheit med tidlaus eleganse

Gje baderommet eit tydeleg og gjennomført uttrykk med Ingrid i den nye blå matt-fargen. Den djupe, rike blåtonen skaper ein harmonisk balanse mellom ro og karakter, og gir rommet eit moderne og sofistikert preg. Den matte overflata dempar lyset på ein vakker måte og gjer fargen både lun og eksklusiv – perfekt for deg som ønskjer eit baderom med personlegdom utan at det blir påtrengande.

Blå matt passar sømlaust saman med både varme tremateriale, kvite flater og mørke detaljar, slik bileta viser. Enten du vel grep og armaturar i messing, svart eller stål, løftar fargen heile uttrykket og gir serien ein stilrein og inspirerande karakter.

Ingrid blå matt er eit naturleg val for moderne heimar der design, funksjon og kvalitet går hand i hand.

ÉI KOLLEKSJON – MANGE MOGLEGHEITER

No kan du velja grep fritt på tvers av våre møbelseriar. Den nye grepskolleksjonen frå Linn Bad gir deg høve til å skape eit heilskapleg uttrykk i heile heimen – uansett modell, farge eller rom. Designa for fleksibilitet, forma for Linn Bad.

Du finn sortimentet her

Våre produkt

Design ditt baderom

Med verktøyet Skap & sjå gjer vi det enklare å drøyme.

Leik deg med uttrykk og velg skap, fargar, fliser og golv – og sjå korleis alt spelar saman til eit heilskapleg baderom. Slik blir du tryggare i vala du tek.

Åpne designverktøy

Kortreist, norsk kvalitet i 50 år

Linn Bad er ei familiebedrift som har designa og produsert baderomsmøblar i Vik i Sogn sidan 1975. For oss handlar dette om handverkstradisjon og kvar me kjem frå. Kvalitet, funksjonalitet og design ligg i vårt DNA.

I dag er vi den største produsenten av baderomsmøblar i Noreg.

Meir om Linn Bad

Brosjyrer og prislister

Sjå nyheiter, bilder og inspirasjon på vegen til ditt nye bad.

Bli inspirert

Finn forhandlar

Linn Bad er utstilt i butikk eller showrom over heile landet.

Finn din forhandlar