Salgs- og leveringsvilkår
Oppdatert 01. oktober 2026
I tillegg til desse vilkåra gjeld:
Verken Linn Bad eller kjøpar kan leggje fram vilkår som er i strid med FL-VA/VVS/Kulde 2026 eller som byggjer på FL-VA/VVS/Kulde 2026 på ein slik måte at det fører til meirkostnad for ein av partane.
Salgsvilkår
Tilbod
Eit tilbod er gyldig i 30 dagar etter det er sendt, med mindre anna er spesifisert i tilbodet. Kjøpar er sjølv ansvarleg for å kontrollera at tilbodet stemmer overeins med kjøpars formål. Prisane i tilbodet er basert på tilbodsdagens prisar.
Betaling
Faktura daterast den dagen varen sendast frå lageret.
Faktura sendast standard som EHF.
Det er 30 dagars kreditt på kjøp av ordinære varer.
Ved for sein betaling vert det lagt på morarente jamfør lov om renter ved forsinka betaling. Ved purring kjem eit purregebyr jamfør Inkassoloven.
Alle prisar i Linn Bads prisliste er inklusive frakt. Utsending av reservedeler eller delar til varer på vår prisliste fakturerast med tillegg for frakt.
Linn Bad har salspant i leverte varer inntil kjøpesum med tillegg av renter og omkostningar er betalt, jamfør Panteloven § 3-14.
Prisar
Fast årleg prisendring kan bli utført 1. januar og 1. juli med 30 dagars varsel. Kunde vil få ny prisliste digitalt saman med varselet.
Prisendringar er marknadsstyrte vil ikkje dokumenterast av omsyn til konkurranselova. Ynskjer kunde prisliste i anna format, er dette ein tilleggsytelse frå Linn Bad.
Kunde varslast om nye og utgåande produkt 30 dagar før iverksetjing.
Leveringsvilkår
Prosjektmøbel HILDE: 1-3 arbeidsdagar
Andre baderomsmøblar og vaskeromsmøblar: 1-5 arbeidsdagar
- unntak: Corianplater på spesialmål kan ha noko lenger leveringstid
Leveringstid er talet på dagar frå ordremottak til utsending frå lager. Eventuelle forseinkingar frå underleverandør er Linn Bad ikkje ansvarleg for.
Leveringstid er ved normal produksjon dersom kjøpar ikkje blir gjort merksam på lenger leveringstid.
Ordrestadfesting sendast så snart bestillinga er registrert. Ved mottak av ordrestadfesting er kunde ansvarleg for at denne stemmer overeins med bestilling. Eventuelle merknadar til ordrestadfesting må rapporterast snarast.
Retur av vare aksepterast berre dersom Linn Bad har godteke retur på førehand. Retur godkjennast berre for standard lagervare i uskadd originalemballasje. Det er returgebyr på 30% av varens verdi for retur som ikkje skuldast feil frå Linn Bad si side.
Kreditering av returvarer skjer snarast, og utbetaling skjer innan 30 dagar etter varen er motteke.
Risiko for varen blir overført frå Linn Bad til kjøpar når varen blir sett på som levert.
Retur av varer
Retur av vare aksepterast berre dersom Linn Bad har godteke retur på førehand. Retur godkjennast berre for standard lagervare i uskadd originalemballasje. Det er gebyr på 30% av varens verdi for retur som ikkje skuldast feil frå Linn Bad si side.
Kreditering av returvarer skjer snarast, og utbetaling skjer innan 30 dagar etter varen er motteke.
Reklamasjonar og transportskader
Følgjande vilkår er ei presisering av FL-VA/VVS/Kulde 2026
Formålet med vilkåra er å kostnadseffektivisera samarbeidet mellom Linn Bad og kunde, til fordel for forbruker.
Alle førespurnadar om reklamasjonar og transportskader skal rapporterast gjennom skjema på Linn Bad sine heimesider:
https://www.linnbad.no/reklamasjonar
Transportskadar
Varer sjekkast nøye ved mottak etter skader på emballasje. Signerast pakksetel, vedkjenner kjøpar at produkta er utan synleg skade ved levering. Oppdagar derimot kjøpar skade på emballasje, skal kjøpar ta bilete av skaden på emballasje. Deretter må produktet pakkast opp og undersøkast. Kjøpar tek bilete av eventuell skade på produktet. Dokumentasjonen sendast via skjema på Linn Bad sine heimesider snarast og seinast innan 7 dagar.
I tilfelle der transportskadar blir oppdaga først etter oppakking av produktet (såkalla "skjult skade") kan skaden ha oppstått på kjøpars lager eller ved transport ut til forbrukar. I slike tilfelle delast kostnaden for erstatningsproduktet likt mellom Linn Bad og kjøpar. Linn Bad dekkjer ikkje eventuelle meirkostnader.
Reklamasjonar
Alle produkt frå Linn Bad blir nøye undersøkt for manglar av Linn Bad eller våre underleverandørar før innpakking og utsending.
Produkta skal sjekkast nøye av kjøpar ved utpakking. Synlege manglar rapporterast skriftleg til Linn Bad snarast. Produkt med synlege manglar må ikkje monterast, med mindre dette avklarast med Linn Bad først. Blir synlege manglar meldt etter at produktet er montert, fell retten til å reklamere på produktet vekk.
Linn Bad dekkjer ikkje meirkostnader i reklamasjonssaker der mangelen burde ha vore oppdaga før montering.
Linn Bad dekkjer ikkje monteringskostnader for erstatningsvarer som ikkje krev fagmann for å installerast.
Minstekrav til dokumentasjon på reklamasjonar:
Ordre- eller fakturanummer
Skriftleg skildring av avviket
Bilete av produktet i sin heilheit
Nærbilete av avvik med målestokk*
Bilete av eventuell merking på produktet
Samsvarserklæring dersom produktet er montert av elektrikar
* Kosmetiske avvik, dimensjonsavvik eller skeivheiter skal dette dokumenterast med målestokk og eventuelt vater slik at avviket kjem tydleg fram i dokumentasjonen.
Linn Bad dekkjer ikkje kostnadar for innhenting av dokumentasjon.
Ynskjer kjøpar erstatningsvare før reklamasjonssaka er behandla, kan varen fakturerast som vanleg og krediterast om reklamasjonen blir godkjent.
Kjøpar er ansvarleg for at varen lagrast på forsvarleg måte inntil reklamasjon er avklart.
Definisjonar
Tilleggsytelsar nemnt i vilkåra fakturerast etter brukt tid og etter timesatsen satt til kroner 790,- med årleg indeksregulering (lærling 70 % av gjeldende sats) per 1. oktober 2026.
Etikk og samhandling
For fellesaktivitetar, herunder messer og liknande, held Linn Bad seg til 8 bud for etikk og god samhandling i VA- og VVS-bransjen, utforma av Rørentrepenørene, NRF og VVP.
Force Majeure
Linn Bad kan ikkje haldast ansvarleg for manglar eller forseinkingar som skuldast forhold som ligg utanfor Linn Bads kontroll, irekna, men ikkje avgrensa til, lokal eller landsomfattande arbeidskonflikt, brann, krig, pandemi, datavirus eller andre alvorlege dataangrep, militær oppstand, beslaglegging, valutarestriksjonar, opprør, mangel på transportmidlar (stengte vegar/ togforbindelsar m.m.), alminneleg varemangel, mangel på arbeidskraft eller innskrenkingar av krafttilførsel.
Linn Bad skal gi kjøpar informasjon om slike forhold og fylgjene av desse innan rimeleg tid.
Tvistar
Desse sals- og leveringsvilkåra og eventuelle tvistar som måtte oppstå mellom kjøpar og Linn Bad er underlagt norsk rett.
Tvistar mellom kjøpar og Linn Bad skal søkjast løyst ved forhandlingar. Dersom slike forhandlingar ikkje fører fram, kan kvar av partane søkje tvisten løyst ved alminnelege norske domstolar. I tilfelle søksmål vedtek Linn Bads alminnelege verneting av begge partar.
Personvern
Tilsette hjå kjøpar vil kunne bestille produkt gjennom fleire kanalar der personopplysningar (namn, telefon, e-mail) til tilsette hjå kunde blir registrert for å gjennomføra kjøpet. Linn Bad er behandlingsansvarleg. Handsaming av opplysningar er regulert i Linn Bad`s personvernerklæring, sjå www.linnbad.no/personvern.