LINN BAD

– Ein del av kvardagen.

Norskproduserte baderomsmøblar – produserte i Vik i Sogn

Nyheit – HANNA

Møt HANNA – ein ny møbelserie med innramma frontar, vakker eikestruktur og gjennomførte detaljar. Dei integrerte skuffene gir eit reint og elegant uttrykk. HANNA kjem i Eik og Mørk eik.

Sjå serien her

Nyheit – LUNA

LUNA kombinerer skandinavisk design med eit unikt grepsdesign og ei smart skuffeløysing. Møbelet kjem i 120 cm breidde, i Eik og Mørk eik.

Sjå serien her

Nyheit – EMMA Sand

Vår klassiske EMMA kjem no i den nye, lune fargen Sand. Den dempa sandtonen gir badet eit mjukt og harmonisk uttrykk, og er enkel å kombinere med ulike fliser, benkeplater og detaljar.

Sjå serien her

Nyheit – ny vaskeromskolleksjon

Oppdag vår nye vaskeromskolleksjon med nye fargar, smarte løysingar og endå fleire kombinasjonsmoglegheiter. Skap eit funksjonelt og gjennomført vaskerom tilpassa din stil og dine behov – produsert ved fabrikken vår i Vik i Sogn

Sjå serien her

Kortreist, norsk kvalitet i 50 år

Linn Bad er ein norsk baderomsmøbelprodusent med produksjon i Vik i Sogn. Alle møbler er designa og produserte i Norge sidan 1975. For oss handlar dette om handverkstradisjon og kvar me kjem frå. Kvalitet, funksjonalitet og design ligg i vårt DNA.

I dag er vi den største produsenten av baderomsmøblar i Noreg.

Meir om Linn Bad

Våre produkt

Éin kolleksjon, mange moglegheiter

No kan du velja grep fritt på tvers av våre møbelseriar.

Den nye grepskolleksjonen frå Linn Bad gir deg høve til å skape eit heilskapleg uttrykk i heile heimen – uansett modell, farge eller rom.

Designa for fleksibilitet, forma for Linn Bad.

Sjå sortimentet her

Design ditt baderom

Med verktøyet Skap & sjå gjer vi det enklare å drøyme.

Leik deg med uttrykk og velg skap, fargar, fliser og golv – og sjå korleis alt spelar saman til eit heilskapleg baderom. Slik blir du tryggare i vala du tek.

Åpne designverktøy

Brosjyrer og prislister

Sjå nyheiter, bilder og inspirasjon på vegen til ditt nye bad.

Bli inspirert

Finn forhandlar

Linn Bad er utstilt i butikk eller showrom over heile landet.

Finn din forhandlar