Oppgradering av speilskap

Vårt 1. generasjon SOGN speilskap vil for mange forbrukarar ha nådd sin levetid. Me tykkjer det er synd å måtte erstatte heile speilskapet, då møbelet i seg sjølv er av god kvalitet og har mange år igjen å leve. Me tilbyr derfor eit ombyggingsett som oppgraderar speilskapet til
2. generasjon LED-lys. Dette bestiller du hjå ein av våre forhandlarar.

Nb! Dette ombyggingssettet kan berre brukast til SOGN speilskap med lyslister limt på dør. Det kan ikkje nyttast på SOGN speilskap med lys integrert i dørene. ( frå september 2022 )

Merk at kopling av drivar frå/til straumnett må utførast av elektrikar.

Instruksjonsvideo