SELMA

SELMA – EKSKLUSIVT I HEILTRE

Visste du at eiketre kan leve i 1000 år?

SELMA tek tre og natur inn på badet ditt. Dette møbelet er særleg kjenneteikna ved sin eksepsjonelle kvalitet og unike design.

Kvar eikestav er omsorgsfullt utvald for å sikre eineståande estetikk og langvarig slitestyrke i baderommet ditt.

Overskuddsmaterialet av eik som ikkje passar saman har me valt å lakkere i to nye fargar – svart eller mørk eik. Slik unngår me svinn, og kan bruke alle deler.

Det er viktig å hugse på at SELMA er eit møbel i trevirke. Kvar trestav og overflate er unik. Ein må rekne med litt variasjon i farge og struktur. Det er det som gjer SELMA spesiell og eineståande.

Det kan vere vanskeleg å få fram rette nyansen på eik på eit bilde, så me råder deg til å sjå det i utstilling hjå ein av våre dyktige forhandlarar – du finn dei på vår nettside.

Velkommen til eit nytt nivå av stil og funksjonalitet med SELMA.